PGP AS, er ein del av Alligo Group – ein leiande nordisk aktør innan arbeidsklede, verneutstyr, verktøy og industrielt forbruksmateriell. Sidan 2025 har me vore ein del av konsernet, som opererer gjennom Swedol i Sverige og TOOLS i Norge og Finland. Som del av Alligo Group står me veldig sterkt i det norske profilmarkedet. Me kombinerer eit stort og gjennomarbeida produktsortiment med solide kvalitetssystem og tydlege krav til leveringar, berekraft og ansvar. Det gir våre kunder tryggleik – og løysningar som fungerer.
Samarbeidet mellom PGP og vårt moderselskap Respond Profil er ein viktig del av denne heilheiten. Gjennom tett samarbeid deler me erfaring, kompetanse og ressursar på tvers av lokasjonar. Saman byggjer me eit sterkt fagmiljø som gjer oss bedre rusta til å levere fullstendige og verdiskapande profilløysingar til kundar over heile landet. Me likar å seie at me er “one big happy profilfamily.” Det handlar om meir enn struktur og system – det handlar om menneske, samarbeid og ein felles ambisjon om å sette synlege spor, stoltheit og verdi for kundene våre, kvar einaste dag.
PGP har hovedkontor og showroom i Sogndal, og er ein del av eit landsdekkande nettverk gjennom Alligo Group og våre samarbeidande profilselskap. Dette gir oss nærleik til kundane våre samtidig som me kan tilby eit stort produktspekter, høg kapasitet og sterke innkjøpsavtalar.
Me er ISO-sertifisert etter ISO 9001 og ISO 14001, og arbeider systematisk med kvalitet, miljø og kontinuerlig forbetring i alle deler av verksemda.
For oss handler kvart prosjekt om å utvikle løysingar som skapar verdi for kundane våre. Me ønskjer å levere produkt og profileringsløysingar med lang levetid – produkt som blir brukt, verdsatt og som skapar synlegheit over tid.
Me samarbeider tett med både kundar og leverandørar, og har eit tydelig fokus på miljø, berekraft og bruksverdi. Som ein del av Alligo-familien jobbar me systematisk med å kartleggje og vidareutvikle miljø- og samfunnsansvaret vårt. Me stiller tydlege krav til leverandørar, arbeider for ansvarlege val gjennom heile verdikjeda og har kontinuerleg forbetring som ein naturleg del av kvardagen vår.
Oppdatert: 10.06.2026 – 14:07